-Ladda upp ditt CV här

Kyrkjelydsmusiker/organist/kantor

Tokke Kyrkjeleg Fellesråd
Publicerad
2023-11-25
Förfaller
2024-09-20
Plats
Dalen, Tokke, Norway
Jobb Typ
Heltid  

Beskrivning

Kyrkjelydsmusiker/organist/kantor

Tokke Kyrkjeleg Fellesråd

Storvegen 60, 3880 Dalen, Tokke

Det er 5 soknekyrkjer, ei fjellkyrkje og gudstenestestad på Tokke kulturhus. Totalt 72 gudstenester, omlag 35 gravferder og 12 vigslar i året, der Eidsborg Stavkyrkje står for brorparten av vigslane. Stillinga som kyrkjemusiker/organist I vil samarbeide med organist II som er tilsett i 35% stilling. Organist II har ansvar for kyrkjelege handlingar kvar tredje helg i mnd. Kyrkjemusikar/organist I tek hovudansvaret for kyrkjelege handlingar 1, 4 og 5 helg i mnd. I tillegg kjem høgtidene. Det er fast messefri kvar 2 sundag i mnd, med unntak for dei kyrkjelege høgtidene.

Det er rom i stillinga for korarbeid og det er eit ynskje at slikt arbeid for barn og unge. Noko kveldsarbeid må difor forventast. Arbeidsplan for begge organistane må tilretteleggast i samband med tilsetting av kyrkjemusikar/organist 1. Arbeidsgjevar er innstilt på fleksibilitet og tilrettelegging av arbeid etter ynskje frå vedkommande som vert tilsett.

Krav til kompetanse

  • Høgskoleutdanning; Kyrkjemusikk/musikk
  • Anna relevant utdanning
  • Realkompetanse kan bli vektlagt
  • Det er ein fordel st søkere meistrar norsk skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B, må disponere bil
  • Medlem av Den norske Kyrkja
  • Krav om barneomsorgsattest (jf. kyrkjelova §29, 2 ledd)

Personlige egenskaper

  • Kreativ
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Lagspiller
  • Interesse for barn og unges plass i kyrkja sitt gudstenesteliv
  • Evne og vilje til å arbeide saman med frivillige

Vi kan tilby

  • Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk og tilsetting i samsvar med kvalifikasjonskrav.
  • Pensjon i KLP
  • Eit arbeidsmiljø byggd på trivsel, trygghet og humor
  • Medbestemming over eigne arbeidsoppgåver

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver

Tokke Kyrkjeleg Fellesråd

Hjemmeside

https://kyrkja.tokke.no

Facebook

https://kyrkja i tokke

Tokke kyrkjeleg fellesråd (TKF) har ledig stilling som kyrkjemusiker/organist i 50% stilling. TKF er administrativt organ for Dnk sine sokn i Tokke kommune; Eidsborg, Mo og Skafså sokn (EMS sokn) og Høydalsmo og Lårdal sokn (HL sokn). Kyrkjekontoret er på kommunehuset i Dalen som er administrasjonssenter i Tokke kommune. Kyrkjelydane er utprega folkekyrkjelege, med høg oppslutning om dåp, konfirmasjon og gravferd. Det er fast gudstenestefri ein helg i månaden. Stabsmøte ein gong i mnd.

TKF har totalt 5,85 årsverk fordelt på 9 tilsette, i tillegg til tilsette i kortare egasjement gjennom året (sesongarbeid og vedlikehald).

Det er to sokneprestar i staben.

Om stillingen

Stillingstittel

Organist

Antall stillinger

1

Oppstart

Etter avtale

Hjemmekontor

Hybrid

Ansettelsesform

Fast

Prosent

50 %

Heltid/deltid

Deltid

Sektor

Ikke oppgitt

Arbeidsdager

Søndag, Ukedager

Arbeidstid

Dagtid, Kveld

Arbeidsspråk

Skandinavisk

Endast registrerade medlemmar kan söka jobb.

Relaterade jobb

Kirkeverge/daglig leder   Meråker, Norway
2024-06-03

Prenumerera på personliga aviseringar

Du prenumererar på jobb som matchar dina aktuella sökkriterier.

E-postmeddelanden

E-postmeddelanden skickas till dig Prenumerera

 

Anpassat RSS-flöde

Ditt personliga RSS-flöde är nedan, kopiera adressen till din RSS-läsare.
Prenumerera