-Ladda upp ditt CV här

Ledig stilling som kommunalsjef på tenesteområde helse og omsorg

Seljord Kommune
Publicerad
2024-06-28
Förfaller
2025-03-24
Plats
Selfjord, Norway
Yrkeskategori

Beskrivning

Ledig stilling som kommunalsjef på tenesteområde helse og omsorg

Seljord Kommune

Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord

Om jobben

Lagre som favoritt

Stillingstittel

Kommunalsjef

Oppstart

Etter avtale

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidstid

Dagtid, ukedager

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk på jobben

Søk senest fredag 14. juni

Vi søker deg som har brei leiarerfaring og som blir motivert av utviklingsarbeid. Som leiar er du kjent for å vere ein lyttande lagspelar og har ein motiverande og tydeleg leiarstil. Du likar utfordringar og er god til å tenke nytt.

Du inngår i kommunedirektørens leiarteam og har ansvar for den totale utviklinga av kommunen i tett samarbeid med øvrig kommuneleiing. Kommunalsjef samhandlar aktivt med politisk nivå og skal bidra til å bygge tillit i Seljord samfunnet.

Som kommunalsjef har du overordna ansvar for einingane open omsorg, institusjon, helseavdelinga, tilrettelagte tenester, som er organisert med kvar sin einingsleiar. Direkte under kommunalsjef ligg tenestekontor og interkommunale tenester knytt til helseområdet.

Tenesteområde helse og omsorg er i kontinuerleg utvikling. Demografiendring, digitalisering, rekruttering, folkehelse, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er sentrale stikkord.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere bindeledd mellom overordna strategisk leiing (både politisk og administrativt)
  • Overordna personal-, økonomi og budsjettansvar og sikre forsvarleg oppfølging
  • Sikre god utnytting av kompetanse og ressursar både internt og eksternt
  • Sikre godt medarbeidarskap og god medverknad i prosessar i samarbeid med tilsette og tillitsvalde
  • Utarbeide gode beslutningsgrunnlag til politisk leiing, samt iverksette politiske vedtak
  • Bidra til strategisk samfunnsutvikling og innovasjon innan eige tenesteområde, men og på tvers av tenesteområda i organisasjonen
  • Oppretthalde og vidareutvikle tillit og gode relasjonar til tilsette, tillitsvalde, folkevalde og kommunens innbyggjarar
  • Byggje endringsforståing og -vilje i organisasjonen
  • Representere kommunen i aktuelle råd og utval

Kvalifikasjonar:

  • Minimum bachelorutdanning, gjerne med helsefagleg bakgrunn
  • Erfaring med omstillings-/endringsprosessar og kan vise til resultatoppnåing gjennom gode prosessar
  • Erfaring frå tilsvarande leiarrolle innan helse og omsorg
  • Erfaring og kompetanse innan budsjett- og økonomistyring frå tilsvarande område og nivå
  • God kunnskap om IKT og teknologi på fagfelta. Legge til rette for digitale løysingar /e-helse
  • Har god evne til å rekruttere og behalde kvalifiserte medarbeidarar
  • God kjennskap til kommunal sektor
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid
  • God organisasjonsforståing og innsikt i samspelet mellom politikk, fag og administrasjon
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne. Seljord nyttar nynorsk som målform.
  • Målretta, utviklingsorientert og ryddig
  • Evne til å jobbe på tvers og sjå både detaljar og det store biletet

Personlege eigenskapar:

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

  • Har gjennomføringsevne og er vedtaksfør
  • Trygg og robust leiar som evner å stille krav, toler å stå i utfordrande situasjonar, og som samstundes viser omsorg og forståing
  • Aktiv lyttar, har gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeider godt med andre
  • Relasjonsbyggar, er raus og omgjengeleg og utviklar god organisasjonskultur
  • Verdistyrt, lojal og med tydeleg integritet
  • Analytisk, strukturert og systematisk, med evne til langsiktig og strategisk tenking
  • Erfaren og engasjert i områdets fagområde

Vi tilbyr:

  • Høve til å vere med å vidareutvikle helsetenestene i Seljord kommune saman med dyktige medarbeidarar
  • Gode utviklingsmoglegeheiter i ei spennande og utfordrande stilling
  • Løn etter avtale
  • 10 ekstra fridagar, jamfør HTA kap. 1 § 6.3.
  • Gode pensjonsvilkår gjennom KLP

Oppstartstidspunkt etter nærare avtale.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om det er bede om konfidensiell behandling. Søkjarane vert i tilfelle

varsla på førehand om dette. Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.

Kontaktperson for stillingen

Beate Våge Lia

Kommunedirektør

41 23 43 21

beate.lia@seljord.kommune.no

Om bedriften

Seljord kommune ligg i hjartet av Telemark. Her møtast E 134 og Rv 36, og den nye Mælefjelltunellen har gjort kommunen endå meir sentral. Kommunen har nesten 3000 innbyggjarar og omlag 400 tilsette. Kommunen husar sjøormen som er Noregs einaste usynlege turistattraksjon. Seljord er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året.

Det er godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, to grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter.

Seljord kommune sin visjon er "Seljord -- Det gode vertskap". Denne visjonen skal også syne seg gjennom tenestene våre, kommunen som bustad og kommunen som arbeidsplass.

Endast registrerade medlemmar kan söka jobb.

Relaterade jobb

Prenumerera på personliga aviseringar

Du prenumererar på jobb som matchar dina aktuella sökkriterier.

E-postmeddelanden

E-postmeddelanden skickas till dig Prenumerera

 

Anpassat RSS-flöde

Ditt personliga RSS-flöde är nedan, kopiera adressen till din RSS-läsare.
Prenumerera