-Ladda upp ditt CV här

Nettsjef/Driftsleiar

Kvam Energi Nett AS
Publicerad
2024-01-28
Förfaller
2024-11-23
Plats
Norheimsund, Norway
Jobb Typ
Heltid  

Beskrivning

Nettsjef/Driftsleiar

Arbeidsgiver Kvam Energi Nett AS Stillingstittel Nettsjef/Driftsleiar Frist 04.02.2024 Ansettelsesform Fast
Kvam Energi Nett har områdekonsesjon for bygging og drift av straumnett. Selskapet har om lag 7800 kundar, og høgste spenningsnivå er 22 kV. Linjenettet består mellom anna av om lag 257 km høgspentnett, 684 km lågspentnett og 405 fordelingstransformatorar. Utbygging, drift og vedlikehald av dette nettet er kvardagen vår.
Det skjer mykje spanande i bransjen vår, og me er no på jakt etter ein Nettsjef/Driftsleiar som kan bidra i den vidare utviklinga av Kvam Energi Nett. Som Nettsjef/Driftsleiar vil du ha det overordna ansvaret for planlegging, drift og vedlikehald av vårt straumnett.

Dine viktigaste oppgåver vert å leia og fylgje opp våre dyktige medarbeidarar i både Plan- og Montasjeavdelinga. Du har overordna fagleg ansvar, og skal sikre at bygging- og drift av straumnettet til ei kvar tid føl dei lover og retningslinjer som er gjeldande. Du vil få ansvar for å fylgje opp økonomi- og budsjett, og ha dialog med leverandørar, grunneigarar og andre eksterne partar. Som Driftsleiar har du ansvar for at elsikkerheitsarbeidet vert organisert og utført på ein trygg og god måte.

Vidare vil du ha ansvar for å planleggja og organiseringa det beredskapsførebyggande arbeidet på straumnettet samt koordinering av tiltak. Du vert beredskapskoordinator i kriseleiinga ved verksemda. Du vert ein sentral bidragsytar i organisasjonen, mellom anna gjennom deltaking i leiargruppa, og skal elles bidra til godt samarbeid og arbeidsmiljø i verksemda.

Vi er på jakt etter deg som har relevant erfaring som leiar. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå energibransjen, spesielt innan drift og vedlikehald. Det kan også vera aktuelt med erfaring frå andre relevante miljø, så som rådgjevande ingeniørar, prosjektleiing, eller frå leverandørindustrien. Du må ha kjennskap til eller interesse for dei lover og forskrifter som regulerer energibransjen. Du må ha formalkompetanse/kvalifikasjonar slik at du kan godkjennast som Driftsleiar/driftsansvarleg for våre høg- og lågspentanlegg.

Som person må du vera ein sjølvstendig leiar med gode kommunikasjonsevner. Du må vera strukturert og ha fokus på drift, samtidig som du evna å sjå det store biletet.

Me kan mellom anna tilby ein spanande og utfordrande jobb i ei samfunnskritisk verksemd. Her vil du få moglegheiter til å påverke og bidra i den vidare utviklinga av lokalsamfunnet. Du blir del av ein fagleg kompetent organisasjon med gode kollegaer.

Kan dette vera noko for deg?

Då må du gjerne ta kontakt med ein av våre rekrutteringsrådgjevarar i Headvisor; Janne Siri Horne (90721164) eller Bjørn Horne (91161390). Kortfatta søknad med CV sendes seinast innan 4. februar. Alle spørsmål til våre rådgjevarar vert behandla fortruleg inntil anna er avtala.

Om arbeidsgiveren

Kvam Energi Nett AS er eit nettselskap med områdekonsesjon i Kvam herad i Hardanger. Selskapet vart skipa 16.10.2019 i samband med omorganisering til konsernstruktur for Kvam Kraftverk AS. Kvam Energi Nett AS har i dag 22 fast tilsette, samt lærlingar i energimontørfaget. Les meir om oss på: www.kvamenerginett.no

Sektor Privat Sted KALDESTAD 40, 5600 Norheimsund Bransje Kraft og energi, Drift og vedlikeholdstjenester Stillingsfunksjon Ledelse, Ingeniør / Elektroingeniør, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Endast registrerade medlemmar kan söka jobb.

Relaterade jobb

Driftsleiar avdeling Bjørnafjorden   Eikelandsosen, Norway ny
2024-07-13
Anleggsgartnar/Formann   Kleppe, Norway
2024-02-13

Prenumerera på personliga aviseringar

Du prenumererar på jobb som matchar dina aktuella sökkriterier.

E-postmeddelanden

E-postmeddelanden skickas till dig Prenumerera

 

Anpassat RSS-flöde

Ditt personliga RSS-flöde är nedan, kopiera adressen till din RSS-läsare.
Prenumerera